Kva er Bjerkreimsmarken?

Bjerkreimsmarken er eit selskap som har til formål å arrangere marken i Bjerkreim kommune med tilknytning til landbruksnæringa og det øvrige næringslivet i bygda.

Bjerkreimsmarken tek utgangspukt i sauen og saueutstillinga som var tradisjon i 40 år. Denne formen for utstilling var i ferd med å gå ut på dato.  Bjerkreimsmarken vart stifta i 1986.

Bjerkreim kommune er den største sauekommunen i Norge med 20.154 vinterfora sau pr 01.01.15.

Selskapet består av 15 foreningar og 2 lag + 2 representantar frå Bjerkreim kommune. Marken har utvikla seg til å verta ein viktig aktivitet i bygda, både kulturelt, sosialt og økonomisk. Kommunen har omlag 2800 innbyggjarar og under Marken er over 350 av desse aktive på dugnad. Dette har vist seg å vera ein viktig treffplass for samarbeid og forsåelse mellom bygdafolk med ulik bakgrunn og interesse.

Bjerkreimsmarken er den største i sitt slag i Rogaland med mønstring og kåring av hest, ku, kalv,kanin, sau og geit. Andre aktivitetar: Saueklypping, 4H aktivitetar,  konserter av ymse slag og mykje meir.

Det er normalt rundt 110 utstillere av ulike slag, alt innan landsbruksmaskiner, bil, helse, brukskunst og tradisjonell mat. Besøkstalet er på ca. 12000.

Alle skulane har ein spesiell dag der dei deltek under Marken med aktivitetar. Under den offesielle opninga har skulane innslag.

Bjerkreimsmarken var arena for VM i Saueklypping 2008, og var ein kjempesuksess med 40000 besøkjande og 135 utstillere. Heile område er opprusta og utvida.

2017 blir et spesielt år ettersom Bjerkreimshallen, som er vår utstillingshall, brant ned til grunnen i februar. Dette til tross, så var det aldri aktuelt  å avlyse årets store begivenhet. Vi bretter opp ermene og gjør vårt ytterste for at årets marken skal bli helt spesiell og kjekk opplevelse for deg som er utstiller, gjest eller artist! I tillegg til tidligere suksesser, som våre gjester forventer å finne på Bjerkreimsmarken, så vil vi i år også by på nyheter og overraskelser for store og  små :)                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                     

Marken 2017 blir nr 31 i rekken, og går av stabelen 29.-30.september og 1.oktober.

Gratis Skyttelbuss fra sentrum til Markensområde       

Velkommen til Bjerkreimsmarken 2017!

 

 Marken 2009 085

 

Baking

SLB_7790sml.jpg

 

 

 

 IMG 6491